Volda KFUK-KFUM - Uppheim

70 07 40 90 web@uppheim.net

Uppheim skal bli nytt

Prosjektet Nye Uppheim er spennande og inne i ein viktig fase. Har du meldt deg som fast givar?

Det er fort gjort å gløyme. Vi har over 100 glade givarar som gir over 500 000 for året til saman, men vi treng mange fleire skal vi greie det.

Lat oss utfordre kvarandre slik at kvar sender denne oppmodinga vidare til minst fem nye, og bed dei om å gjere det same.

Tenk om det vart like vanleg for oss å snakke om Nye Uppheim som veret eit par månader framover!

Ei brosjyre har vore utdelt tidlegare til husstandane i Volda. Den er lagt ut her på nettstaden, i bankane og i våpenhuset i kyrkja (og enkelte andre stader).

Uppheim Brosjyre 30sept

Sparebank 1 Sunnmøre: 3991.06.40880

Sparebanken Møre: 3910.43.51577

Nordea: 6563.05.19750

Du kan gi beskjed om at du ynskjer å inngå avtale om fast trekk på ein bestemt sum per månad, og datoen for trekket. Send ein epost til banken, eller ordne med fast trekk frå kontoen, eller post eit brev om slik avtale til Nye Uppheim, Postboks 60, 6101 Volda.

Innsamlingskomiteen

Ved Jan Ove Ulstein 
leiar