Støtt oss

Å gje fast

I dag er det mange utfordringar knytte til det kyrkjelege og frivillige arbeidet. Det vil krevje både tid og pengar å få til det vi vil. Vi treng deg som medarbeidar! Forholdet mellom kyrkje og stat har endra seg. Vi må realistisk rekne med å hente meir av inntektene til lokalkyrkja frå innsamla midlar. Det frivillige arbeidet har alltid vore avhengig av gåver og uløna innsats. Med eit fornya Uppheim har vi fått eit svært veleigna hus til aktivitetane i Volda KFUK-KFUM, men også for det kyrkjelege arbeidet. Uppheim er soknet sitt kyrkjelydshus. Derfor går vi saman om ein aksjon både for nye Uppheim og eit utvida kyrkjelydsarbeid. Vi inviterer deg til å gje fast til eitt eller begge av desse formåla. Dei kronene som automatisk går frå konto til konto kvar månad er den beste basis for langsiktig arbeid!

 

Uppheim

Uppheim har fått ei omfattande og nødvendig fornying. Det er lagt endå betre til rette for allsidig bruk av huset. Uppheim er staden for speidararbeid, Ten Sing, Kjekk kveld, K-grupper, Husmøte, Optimisten, Onsdags-dansarane, Babysong, konfirmasjonundervising, tru-sopplæring, «Middag på Uppheim», What’s Upp-ungdomskafé, kyrkjekaffi, temakveldar, konsertar, fasteaksjon, basar, julemesse, stundom barnekor og ballett. Huset vert også leigd ut til andre. Faste arrangement er med å finansiere aktivitet og drift. Ved fornyinga har vi no eit byggelån på 10,5 mill. kroner. som skal nedbetalst over 20 år. Dei faste gåvene er viktigaste tilskot i denne samanhengen . Det trengst omlag 600 000 kroner per år. I 2016 kom det inn 567 000 kroner og året etter 563.000 kroner. 

 

Volda kyrkjelyd

Volda kyrkjelyd vil vere ein kyrkjelyd der alle kan høyre til. Kyrkja har alltid samla til gudsteneste, dåp, konfirmasjon, bryl-laup og gravferd, og hatt eit allsidig musikkliv. I den seinare tida har vi drive ei omfattande trusopplæring som skal nå alle aldersgrupper. No ynskjer vi å satse endå meir på arbeid for barn, ungdom og familie, og ikkje minst diakoni, inkludert interkulturelt arbeid. Eit auka aktivitetsnivå -med ungdomsarbeidar, vo-lontørar og diakonarbeidar – krev i første omgang auke i innsamla midlar frå 50 000 til 170 000 kroner i året. Vi utfordrar deg til å vere med på dette lyftet!
Du gjer det ved å bruke svarslippen!